Verdigrunnlag

26. oktober 2018

Last ned dokumentet, her: Verdigrunnlag.pdf

VEDTATT PÅ LANDSMØTET 2018 

FORMÅL

Norges Handikapforbunds Ungdom (NHFU) er ein organisasjon av og for ungdom med funksjonsnedsetjingar, og arbeider for eit likestilt samfunn der alle har dei same moglegheitene uavhengig av funksjonsnivå. Vi skal skape medvit og engasjement kring arbeidet, både hos personar med funksjonsnedsetjingar og i samfunnet elles.
 

SAMFUNNSOPPDRAGET

I NHFU legg vi vekt på kunnskapsbasert og verdiorientert aktivisme. Vi skal vere ein organisasjon som står på barrikadane når politiske avgjersler blir tatt. Vi skal vere samfunnsengasjerte, setje dagsorden og vere synlege i den offentlige debatten. I tillegg skal vi vere ein kunnskapsrik sparringspartnar og støttespelar for andre som har makt eller som ønsker å påverke i samfunnet.  I arbeidet vårt skal menneskerettsperspektivet vere eit berande element.

SAMFUNNET VI ARBEIDER FOR

Barrierane ein møter gjennom utdanning, yrkesliv og fritid diskriminerer og hindrar likeverdig deltaking i samfunnet. Dette dannar strukturar som systematisk legg lokk på den einskilde sitt høve til å nå potensialet sitt og å nå draumane sine. Difor arbeider vi for eit universelt utforma samfunn. Det er eit samfunn som ikkje er funksjonshemjande, men det vi kallar funksjonsfremjande. I det samfunnet eksisterer ikkje barrierane. Alle har – ikkje berre ein rett – men ei reell moglegheit til å delta.

I det funksjonsfremjande samfunnet flyttar ein fokuset frå det funksjonshemja individet som problem til at det er hinderet som er problemet. Det kan ein fordi prinsippet om universell utforming betyr at alle skal kunne bruke dei same løysingane og tenestene. Dimed kan ein aldri peike på individet når ein møter på ei hindring. Funksjonsnivå skal ikkje ha noko å seie for kva moglegheiter du har i livet. Difor arbeider vi for at du ikkje blir sett ned på eller diskriminert på grunn av funksjonsnedsetjinga di. I det funksjonsfremjande samfunnet står medvit og kunnskap om menneskets likeverd sentralt i danninga. Alle har fridom og rett til deltaking i kulturen og i demokratiet.
 

VERDIANE VÅRE

I arbeidet vårt legg vi vekt på desse to verdiane:

Mangfald

NHFU ønsker ei brei samansetjing av medlemer og tillitsvalte i organisasjonen. Vi ser det som ei styrke at folk er forskjellige og har ulike eigenskapar dei kan bidra med i arbeidet og i fellesskapen. Dette gjeld både kjønn, seksuell orientering, etnisitet, religion og livssyn og funksjonsnivå. Alle i NHFU skal møtast med respekt og verdigheit, skal verdsetjast for den dei er og få bidra med det dei har av kunnskap, erfaringar og ferdigheiter.

Likeverd

Alle medlemer i NHFU er likeverdige uavhengig av posisjon i organisasjonen. Alle skal ha høve og rett til å delta og vere med å bestemme kva organisasjonen skal meine og gjere. Fordi vi er ein medlemsorganisasjon som er bygt nedanfrå og opp, skal vi møte alle meiningar og synspunkt med respekt, uavhengig av erfaring og kunnskap. Difor legg vi vekt på å skape arenaer der medlemer kan delta og bidra på likt grunnlag.